Eg er gift med Agnar og mor til fire gutar
og to bonusjenter som eg elskar over alt! Dei er mitt alt ❤️
Eg er ærleg, positiv, prøver alltid å gjere mitt beste og elskar å skape ting
– eg har alltid eit par prosjekt på gang
– og å planleggje er noko av det kjekkaste eg veit.
Eg har vel om lag tusen tankar
i hovudet samtidig og brenn for å dele gode erfaringar med andre!
Elskar å vere med familien, gå tur, finne magi i kvardagslege ting og stader, slappar gjerne av i badstova og badar gjerne om vinteren!
Prøver å ikkje ete sjokolade kvar dag
og er ikkje forfengelig av meg!
Fotografering har vert med meg i heile livet og tenk at eit fotografi kan innehalde så mange kjensler og stemningar - magisk!
Eg er god på å fange augeblikk!
Blir rørt og veldig glad i alle brudepara mine og familiane!
 
FOTOGRAF VIGDIS ØVREEIDE - Kvålsvegen 51, 5640 Eikelandsosen - mob: 452 14 932 - org nr: 923 406 417