BRYLLAUPSPAKKAR OG PRISAR
OVER 15 ÅRS ERFARING // OVER 50 BRYLLAUP FOTOGRAFERT // MEDLEM AV NORGES FOTOGRAFFORBUND
Pakkar og Prisar
VIELSE + PORTRETT
For dykk som først og fremst ønskjer vielsen dokumentert og portrett etterpå.
Vi kan også setje av litt tid til bilete med familie og dei næraste, dersom de ønskjer det. Ein fin og enkel pakke som tek vare på dei viktigaste stundene – frå de seier ja, til dei første bileta av dykk som nygifte.
Pakken inneheld:
3 timar
Ca. 150 digitale bilete
19 500 kr inkl.mva
Halv dag
Ein populær pakke,
-på seks timar får vi god tid til å fange både dei store stundene og alt det fine som skjer rundt dykk – forventningane før vielsen, reaksjonane frå dei næraste, latteren og dei små augneblikka.
De vel kva delar av dagen som betyr mest, og saman finn vi ei tidsramme som passar – frå førebuingar til portrett, eller frå vielsen og fram til delar av middagen og talane.
Pakken Inneheld:
6 timar
Ca. 250 digitale bilete
29 500 kr inkl. mva
 
Frå førebuingar til feiring
For dykk som ønskjer å få dokumentert det meste av bryllaupsdagen – frå førebuingar og forventningar, gjennom vielsen og portrettfotograferinga, til middagen og feiringa er i gang.
Med åtte timar får vi god tid til både dei viktige høgdepunkta. Saman planlegg vi dagen slik at fotograferinga passar naturleg inn og de får ei variert og heilskapleg forteljing frå bryllaupet.
Inkluderer
8 timar
Ca. 350-400 digitale bilete
37 500 kr Inkl.mva
Heile forteljinga
For dykk som ønskjer heile forteljinga – frå dei første førebuingane til middagen, talane og feiringa er godt i gang.
I denne pakken er også forlovingsfotografering inkludert.
Inkluderer
10 timar
Ca. 500-600 digitale bilete
Forlovingsfotografering inkludert
45 000 kr Inkl.mva
Meir informasjon
Inkludert i alle pakkane
– Førehandsmøte og planlegging før bryllaupet
– Rettleiing og hjelp gjennom fotograferinga
– Sniktitt kort tid etter bryllaupet
– Bileta blir leverte i høg oppløysing via eit privat nettgalleri.
– Moglegheit for å bestille album, veggbilete og andre kvalitetsprodukt til gode prisar
– Køyring innan Bjørnafjorden kommune
Talet på bilete er rettleiande og kan variere ut frå innhaldet og det som skjer gjennom bryllaupsdagen.
Trygt frå første møte til ferdige minne
De skal kunne vere til stades og nyte bryllaupsdagen, trygge på at dei store kjenslene
dei små detaljane og augneblikka de kanskje ikkje sjølve får med dykk, blir tekne vare på.
Med mange års erfaring hjelper eg dykk med planlegginga og sørgjer for ei trygg og avslappa oppleving framfor kamera.
Bileta dykkar
De står fritt til å framkalle bileta og dele dei i eigne private sosiale medium.
Eg anbefaler verkeleg å ikkje la minna bli liggjande som biletfiler på ein PC. Om de ønskjer det, hjelper eg dykk gjerne med å få favorittane opp på veggen og/eller samla i eit vakkert album – i god kvalitet og til gode prisar.